Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar    

 

 

   Oppslagstavle
    -
TUSEN TAKK TIL ALLE I FARNES KYRKJE
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 




TUSEN TAKK TIL ALLE I FARNES KYRKJE
 
 
 
 
Alle medlemane i ØÅJ vil retta ein stor takk til alle ansvarlege i Farnes Kyrkje. Då ombygginga i Samfunnshuset starta i haust, måtte me i Janitsjar'n sjå oss om etter nytt øvingslokale. Me er mange medlemar samla på øvingane, så me fann ut at kyrkja var eit passande lokale.
Måten Farnes Kyrkje har teke imot oss på, har imponert oss stort. Korpset tek stor plass, og me lagar eindel lyd. Men uansett er dei ansvarlege like blide, positive, og viser eit tolmod og ein hjertevarme som me set veldig stor pris på. Dette har og utan tvil stor betydning for trivselen og miljøet i korpset.
Å ha eit slikt øvingslokale med eit så godt forhold til dei ansvarlege er det nok mange som kan misunna oss.

TUSEN HJERTELEG TAKK

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no